Nettopp derfor er det i dei demokratiske landa vi må hindre slik overvaking, for å hjelpe framtidas demokratiske opposisjon. Ingen veit kven eller kor han er.
3.2.14
Overvaking
Nettopp derfor er det i dei demokratiske landa vi må hindre slik overvaking, for å hjelpe framtidas demokratiske opposisjon. Ingen veit kven eller kor han er.
22.1.14
Rotmo
Hans Rotmo har komme med ei ny plate, og som sist er det ei innvandringskritisk låt som får oppmerksamheit.
Berre for å gjere det heilt klårt med ein gong: Det er ikkje greitt å samanlikne grupper av folk med skadedyr. Det er rasistisk. Punktum.
Det som derimot bør være greitt, er å være bekymra for enkelte problem som oppstår - ikkje på grunn av innvandrarane, men på grunn av innvandringa. Det er ein forskjell. Men dessverre ikkje ein forskjell som kjem veldig til syne i kommentarfelta rundt om i nettavisene. Ei heller hos Rotmo.
Eg er for eksempel bekymra for auka sosial dumping her til lands. Arbeidsinnvandrarar får arbeid til mykje lågare lønn enn tariff, og useriøse arbeidsgjevarar konkurrerer ut dei seriøse på pris. Til slutt gjer det at arbeidstakarar i Noreg får mindre i lønningsposen.
Men er det den enkelte innvandrar sin feil? Eg kan jo ikkje skulde på ein innvandrar for at han tar den einaste jobben han får? Særleg sidan mange norske arbeidsgjevarar diskriminerer på bakgrunn av arbeidssøkjarens namn. Ansvaret ligg her hos dei useriøse arbeidsgjevarane, og hos styresmaktene som ikkje har gode nok reglar som hindrar sosial dumping. Det gjeld og kommunar og statlege etatar som ikkje krev ordna forhold hos leverandørar.
Eg synest også ein del religiøse skikkar er merkelege, men det gjer dei jo ikkje nødvendigvis til eit problem for nokon annan enn meg sjølv. Eg synest jo også ein del skikkar i den norske kyrka er merkelege, utan at eg fortviler over det.
Innvandrarane er overrepresentert på kriminalitetsstatistikken, heiter det. Det stemmer, men dei er jo og overrepresentert på eit par anna statistikkar - lågare gjennomsnittsinntekt for hushaldninga ( = meir fattigdom), meir psykisk sjukdom enn i befolkninga eller, lågare arbeidsdeltaking enn i befolkninga elles.
Eg skal ikkje spekulere i korleis det heilt heng saman, det må fagfolka finne ut av. Men eg veit at korrelasjon er ikkje det same som kausalitet. At ein person er innvandrar gjer han ikkje automatisk til korkje fattig eller kriminell.
Kanskje er det fattigdomstiltak eller satsing på psykisk helse som er mest viktig?
Det som er heilt sikkert, er at det ikkje hjelper å karakterisere andre menneske som skadedyr. Det er slemt. Og teit.
20.1.14
Lenker på ein måndag
- Blogginnlegget mitt på torsdag i førre veke om å gjere programprosessen i Tromsø SV i eit wiki-format, fekk eg noko av inspirasjonen frå denne artikkelen: Crowdsourcing new laws - here's your chance.
- Som både skeptikar og medlem i eit feministisk parti, syns eg det er mykje interessant på bloggen skepchick.no - for halvanna veke sidan skreiv dei ein tankevekkande artikkel om kjønnsrollar i leikebutikken.
- I følgje ein rapport har ikkje NSA si masseovervaking all verdas effekt når det kjem til å motverke terrorisme, skriv digi.no: NSAs masseoveråkning har liten effekt. Eg kjem til å skrive meir om det i ein bloggpost dei nærmaste dagane.
- Webteikneserien xkcd om korleis graden av presisjon avgjer kven som vinn ein diskusjon: Actually
Og om du skulle ha ramla innom denne bloggen, men ikkje enno følgjer Pål Julius Skogholt sin blogg Eit stykkje av verda, bør du jo sporenstreks starte med det. Du kan jo varme opp med denne videobloggen hans om dei pågåande forhandlingane om ei transatlantisk handelsavtale mellom USA og EU:
17.1.14
Dronar og forbod
16.1.14
Programprosess i wiki-format?
11.10.12
EØS
EØS sikrer ikke arbeidsplasser i nord, men truer det organiserte arbeidslivet.
28.4.12
1. Mai, hyttetur og dårlig samvittighet
Avisa iTromsø har en reportasje i dag hvor blant annet undertegnede blir sitert på at det er «greit å dra på hytta 1. mai» (jeg har ikke avisa foran meg i skrivende stund, så bær over ned meg for unøyaktig sitering).
Jeg kan forstå at noen reagerer på den uttalelsen.
Det jeg har (forsøkt) å si til avisa, er at det ikke er min plass å dele ut dårlig samvittighet ut fra hvordan folk velger å benytte 1. mai. Med det mener jeg at jeg ikke synes det er riktig av meg som leder for LO i Tromsø å «kreve» deltakelse på 1. mai. Makta går fra medlemmene og oppover, ikke andre veien. Det er ikke det samme som at jeg vil oppfordre folk til å gjøre noe som helst annet enn å gå i tog 1. mai.
Å påtvinge folk dårlig samvittighet for hva de velger å gjøre/ikke gjøre får heller kirka ta seg av.