Sider

20.10.16

Konsekvensutgreiing til ære for Nordlys

Eg er einig med Nordlys i at det er viktig å vite kva konsekvensar oljeutvinning utafor Lofoten, Vesterålen og Senja vil kunne få, og at det er viktig med kunnskap. Problemet er at konsekvensane av ei konsekvensutgreiing ikkje er innhenting av meir kunnskap, men opning for oljeutvinning. Konsekvensane for lokalsamfunna er få eller ingen nye arbeidsplassar, og konsekvensane for fisken i havet er risiko for å døy av oljeutslepp, slik at vi mistar ein evigvarande ressurs. Konsekvensane for klimaet er at Noreg på inga måte bidreg til å nå 2-gradersmålet eller oppfylle Paris-avtalen. Det rette er derfor å ta konsekvensen av den kunnskapen vi har - og seie nei til konsekvensutgreiing.