Sider

21.2.17

Forsøplelse og straff - ein Veirenoroman

Mange har fått med seg søppelkaoset som har vore i hovudstaden dei siste månadane. I perioder har det jo sett ut som om det er heile landet som ikkje har fått tømt søpla til rett tid, så mykje spaltemeter rikspressa har brukt på renovasjon.

No ser det ut til at saka er over - renovasjonsselskapet Veireno slår seg konkurs, Oslo kommune tar over både tilsette og utstyr, og rekommunaliserer henting av søppel. Dette kan vera eit godt eksempel på kor vanskeleg (og etter mi meining unødvendig) det er å konkurranseutsette samfunnskritiske tenester og infrastruktur.

Men det er eit anna aspekt ved denne saka som no ser ut til å vera gløymt, og det er den alvorlege arbeidsmiljøkriminaliteten som vart avdekka av mellom anna Dagbladet, og som var den direkte grunnen til at Oslo kommune kunne seie opp kontrakten med Veireno.

Over to tusen gonger har selskapet brote arbeidsmiljølova sidan dei starta opp anbodet i oktober i fjor. Arbeidstilsynet har anmeldt selskapet til politiet, men no når selskapet er konkurs, er det kanskje ikkje meir å gjere?

No er det sjølvsagt domstolane som skal ta stilling til skyld og eventuell straff, men eg synst denne saka tener godt som eit eksempel på arbeidsmiljøkriminalitet som heilt openbert går så langt at det må vera grunnlag for straff. I all fall etter det som heiter "folks rettskjensle".

Eg har ikkje noko tal på kor mange som blir dømt for arbeidsmiljøbrott i Noreg kvart år, så det kan hende det blir påtala mange fleire enn eg trur. Men i så fall er det etter mi meining eit problem at det ikkje blir skrive om det i media. Dei useriøse arbeidsgjevarane treng nemleg å veta at om dei bryt arbeidsmiljølova kan det få strafferettslege konsekvensar.

Arbeidsmiljølova inneheld ein paragraf om straff, der det heiter at arbeidsgjevar kan dømmast til fengsel i inntil eit år. For særleg strenge brott i inntil tre år. Det er nok ein del arbeidsgjevarar der ute som eigentleg kunne vore dømt etter den paragrafen, men som har sleppt unna. I tillegg går det an å bli frådømt retten til å drive næringsverksemd. Det synst eg berre skulle mangle for folk som behandler sine tilsette på ein sånn måte.

Det er eigentleg paradoksalt at det ikkje er noko krav til opplæring for å få vera arbeidsgjevar, men for å selje øl må du ha bestått ein prøve.

20.2.17

Tale til fylkesårsmøtet

Tale til fylkesårsmøtet i Troms SV 18. februar 2017


Velkommen til fylkesårsmøte i Troms SV

Her skal vi behandle og godkjenne det vi har gjort
her skal vi vedta kva vi står for og kor vi er no,
og vi skal bestemme kor vi skal gå framover.

Vi skal velje våre tillitsfolk og kven som skal representere oss på Stortinget.

Eg skal ikkje seie mykje akkurat no om kva vi har gjort, det kjem vi tilbake til når vi skal godkjenne rekneskap og årsberetning seinare. Men eg vil seie noko om kor vi er no, og kor eg meiner vi skal gå framover.

SV går til val i 2017 på slagordet “ta kampen for eit varmt samfunn”. Det er det same mottoet som vi gikk til val på i 2015. Samtidig går vi til val her i Nord-Noreg på å fortsette arbeidet under “Ja til Nord-Norge”-parola som dei tre nord-norske 1.kandidatane starta i 2013.

Det er begge gode slagord, (sjølv om eg personleg liker Ja til Nord-Norge best). Men kvaliteten på ei parole målast ikkje berre på ordlyden, men på kva vi veljer å fylle orda med.

Og då er det eit perspektiv eg vil at vi skal legge i dei når vi arbeider både med politikk og organisasjon fram mot valet, og i regjeringstida etter valet og.

Ordet her er makt. Både kva slags makt vi skal ta, men og kva slags makt vi skal forsvare oss sjølv og andre MOT. Arbeidarrørsla har ei gammel parole som heiter “Friheit frå vilkårleg makt”. Den friheita er ein forutsetning både for eit varmt samfunn, og for det Nord-Noreg vi vil ha oss.

For kva er eigentleg vilkårleg makt?

Jo, det er når arbeidsgjevaren din kan seie deg opp utan sakleg grunn, når du ikkje får fornya den midlertidige kontrakta berre fordi sjefen ikkje likar trynet ditt, eller fordi du er den som seier frå. Eller når tilfeldigheitar i livets lotteri, som sjukdom, uførheit eller kva slags kjønn du er født med, avgjer kor mykje du får i lønn å leva for kvar månad.

Det er også når han eller ho du bur saman med brukar si makt til å få deg til å gjere ting du ikkje vil. Når norskfødte menn brukar utlendingslovgivinga som amnesti for valdshandlingar overfor ektefella dei henta frå eit anna land, fordi ho veit ho kan bli kasta ut av landet om ho anmelder saka.

Det kan og vera vilkårleg maktbruk når storsamfunnet, enten det er Stat eller kommune, legg ned tenester og arbeidsplassar i lokalsamfunnet fordi det berre er stordriftsfordelar som skal reknast med, ikkje smådriftsfordelar eller stordriftsulemper. Når Andøy kommune mistar så mange statlege arbeidsplassar at det ville tilsvara meir enn Haukeland sjukehus, universitetet i Bergen, og Haakonsvern orlogsstasjon tilsaman opplevast det som eit maktovergrep frå storsamfunnet. Det må vi ta på alvor.

Det er vilkårleg makt når anna land brukar truslar om bruk av makt for å tvinge gjennom vilja si, enten det er økonomiske sanksjonar eller militær maktbruk det blir trua med. Men det kan og vera vilkårleg maktbruk å blindt følgja Nato i å sette inn styrkar i ein eller anna konflikt ein stad i verda.

Og det er ikkje minst vilkårleg maktbruk når storkonsern eigd av internasjonal finanskapital trugar med å flytte arbeidsplassar ut av landet om dei ikkje får det som dei vil, eller når dei snyt på skatten og flyttar pengane til Cayman Islands, eller når dei klagar Noreg inn for ESA fordi vi ikkje har liberalisert arbeidslivet nok slik dei les EØS-avtala. Eller når dei skit i miljøet og slepp ut olje i fiskeriane eller gruveavfall i fjorden, fordi det er det som gir profitt til investorane.

Vi må beskytte både individ og lokalsamfunn mot vilkårleg maktbruk. Vi må lage system som gjer oss den friheita. Og for å gjere det, må vi tørre å ta makt.


Vi må kjempe mot sentraliseringa som staten legg opp til i både kommunereform, nærpolitireform, og i ein regionreform som er heilt utan innhald. SV har sagt at vi er tilhengarar av større regionar, mellom anna fordi vi vil ha sjukehusa tilbake under reell demokratisk styring og ikkje styrast etter foretaksmodellen. Men ein regionreform der det berre blir dobbelt så mange vidaregåande skolar å administrere under same paraply, over meir enn dobbelt så stort areal, det er ikkje ein reform vi kan bruke til noko vettugt.

Vi må i staden for å sentralisere legge om tenkinga, og fokusere på det eg vil kalle eit “nær-stat”-prinsipp. Dei offentlege tenestene er til for folk og lokalsamfunn, ikke omvendt. Det betyr at vi må legge opp tenestene slik at dei er å få tak i der folk bur. I staden for å legge ned lånekassa sitt kontor i Tromsø for å flytte arbeidsplassane sørover, burde vi opprette lånekassekontor i dei andre byane som har studentar - Harstad, Alta, ja gjerne i Midt-Troms og, for den del. Eit av argumenta frå departementet for å legge ned lånekassa var at no kan så mykje gjerast på nett, at vi ikkje treng å ha folk over alt. Det same argumentet høyrer vi igjen - i skatteetaten, i politiet, om fiskerikontora osv.

Eg vil heller seie - det at så mykje kan gjerast over nett betyr jo nettopp at vi kan ha tenester tilgjengeleg over alt. Så kan ein gjere mange arbeidsoppgåver uansett kor ein sitt i landet, men då må det jo gå an å bruke teknologien til å spre både arbeidsplassane og tenestene over heile landet? Og så må det gjerast på ein annan måte enn det regjeringa no foreslår, kor du tar heile etatar og berre tvangsflyttar ut i landet utan ein skikkeleg prosess overfor dei som allerede arbeider i etaten.

Det å sørge for tenester og arbeidsplassar i heile landet - er også å sørge for at makta i landet er spredt. Det er å sørge for at kompetansen i dette landet er spredt utover - og det er og eit bidrag til å bryte opp maktkonsentrasjonen som sitt i Oslo. Vi skal ta makta tilbake til landsdelen og lokalsamfunna. Det er å seie ja til Nord-Norge.


Så er det eit anna perspektiv med det å ta makta. Det betyr at vi og må tørre å seie at vi søker makt. Det kan seiest mykje om tida SV satt i regjering, og det er ikkje sikkert at den rette måten å ta makt på er gjennom å gå i regjering etter valet. Men det er i all fall ikkje rett å seie at vi IKKJE under nokon omstende vil vurdere å gå i regjering. I så fall har vi ikkje noko med å stille til val i det heile. Det er kor mykje av politikken vi får gjennomslag for som er avgjerande for kva slags måte vi skal vera med å ta makta i dette landet.

I snever forstand betyr det sjølvsagt at vi skal gjennom ein valkamp som skal sørge for at Torgeir får halde fram på Stortinget for Troms SV!

Men denne kampen er faktisk større enn akkurat denne eine stortingsvalkampen.

I USA pågår det no ei mobilisering for fredeleg motstand mot president Trump, noko vi har sett i fleire demonstrasjonar i det siste. Nokon kallar det “the resistance” - motstandsrørsla.

Demonstrasjonar er berre ein måte å påvirke og ta makt i samfunnet på, men det er eit kampmiddel som har mykje til felles med korleis arbeidarrørsla gjer ting.

Og det er ein type makt som vi ikkje har vore flink nok som parti til å støtte opp om, men som er viktig for dei rørslene vi har mykje til felles med. Det er den demokratiske utenomparlamentariske makta. Demonstrasjonar, streikar, 1. Mai og 8. Mars, aksjonar mot dumping av gruveavfall eller for at asylborn får bli i landet.

For å hente meir inspirasjon frå fagrørsla: Korleis har fagforeiningane kjempa kampen mot vilkårleg makt? Jo, gjennom å organisere arbeidsfolk, for så å bruke den makta den organiseringa gjer til å få gjennom reell endring.

Eg veit at det er fleire i salen her som er aktive i ei fagforeining i ein eller anna forstand. Eg arbeider sjølv for ei fagforeining, og som fylkesleiar i eit sosialistisk parti, reknar eg med - nei, eg forventar - at alle i salen er medlem i ei eller anna fagforeining.

I tillegg er - som idealistar og SVarar ofte er - mange her aktive også i anna miljø - i fredsrørsla, i Nei til EU, i miljørørsla, i kvinnerørsla, i jernbanesak, eller inkludering og minoritetar sine rettar.


Det er dei rørslene vi må bygge vidare på. Men det er ikkje lenger nok at vi er ein del av det. Vi må bygge og utvide “motstandsrørsla” med familie, venner, kollegaer.

Snakk med kollegaene dine - sørg for at dei er organisert i ei fagforeining
Snakk med familien din - Kan dei tenke seg å vera med på 8. Mars, i ein miljøorganisasjon, på eit anti-krigsarrangement? Ikkje alle kan vera med på alt. Men alle kan vera med i noko.

Vi skal sjølvsagt ikkje slutte å spørre folk direkte om dei vil bli medlem av SV. Men vi må ikkje gi opp folk berre fordi dei ikkje vil melde seg inn i partiet. Det kan vera mykje godt i dei for det. Det må vi støtte opp om.
Og jo sterkare fagbevegelsa, kvinnebevegelsa, fredsbevegelsa og miljøbevegelsa er, jo enklare er det å bygge opp politikk som gjer folk friheit frå vilkårleg makt.

Organisér!

Vi skal no inn i ein valkamp der vi treng ikkje berre medlemmer i SV, men vi treng ei sterk venstreside med alle desse rørslene for å ta makta tilbake til folket.

Vi skal seie Ja til Nord-Noreg

Vi skal ta makta tilbake til folket

Vi skal ta kampen for eit varmt samfunn