Sider

22.1.14

Rotmo

Hans Rotmo har komme med ei ny plate, og som sist er det ei innvandringskritisk låt som får oppmerksamheit.

Berre for å gjere det heilt klårt med ein gong: Det er ikkje greitt å samanlikne grupper av folk med skadedyr. Det er rasistisk. Punktum.

Det som derimot bør være greitt, er å være bekymra for enkelte problem som oppstår - ikkje på grunn av innvandrarane, men på grunn av innvandringa. Det er ein forskjell. Men dessverre ikkje ein forskjell som kjem veldig til syne i kommentarfelta rundt om i nettavisene. Ei heller hos Rotmo.

Eg er for eksempel bekymra for auka sosial dumping her til lands. Arbeidsinnvandrarar får arbeid til mykje lågare lønn enn tariff, og useriøse arbeidsgjevarar konkurrerer ut dei seriøse på pris. Til slutt gjer det at arbeidstakarar i Noreg får mindre i lønningsposen.

Men er det den enkelte innvandrar sin feil? Eg kan jo ikkje skulde på ein innvandrar for at han tar den einaste jobben han får? Særleg sidan mange norske arbeidsgjevarar diskriminerer på bakgrunn av arbeidssøkjarens namn. Ansvaret ligg her hos dei useriøse arbeidsgjevarane, og hos styresmaktene som ikkje har gode nok reglar som hindrar sosial dumping. Det gjeld og kommunar og statlege etatar som ikkje krev ordna forhold hos leverandørar.

Eg synest også ein del religiøse skikkar er merkelege, men det gjer dei jo ikkje nødvendigvis til eit problem for nokon annan enn meg sjølv. Eg synest jo også ein del skikkar i den norske kyrka er merkelege, utan at eg fortviler over det.

Innvandrarane er overrepresentert på kriminalitetsstatistikken, heiter det. Det stemmer, men dei er jo og overrepresentert på eit par anna statistikkar - lågare gjennomsnittsinntekt for hushaldninga ( = meir fattigdom), meir psykisk sjukdom enn i befolkninga eller, lågare arbeidsdeltaking enn i befolkninga elles.
Eg skal ikkje spekulere i korleis det heilt heng saman, det må fagfolka finne ut av. Men eg veit at korrelasjon er ikkje det same som kausalitet. At ein person er innvandrar gjer han ikkje automatisk til korkje fattig eller kriminell.

Kanskje er det fattigdomstiltak eller satsing på psykisk helse som er mest viktig?

Det som er heilt sikkert, er at det ikkje hjelper å karakterisere andre menneske som skadedyr. Det er slemt. Og teit.

20.1.14

Lenker på ein måndag

Eit knippe lenker eg har funne interessante i det siste:



Og om du skulle ha ramla innom denne bloggen, men ikkje enno følgjer Pål Julius Skogholt sin blogg Eit stykkje av verda, bør du jo sporenstreks starte med det. Du kan jo varme opp med denne videobloggen hans om dei pågåande forhandlingane om ei transatlantisk handelsavtale mellom USA og EU:


17.1.14

Dronar og forbod

Ein drone, eller ein UAV, er eit lite ubemanna fly eller helikopter, som mellom anna militæret brukar til operasjonar der dei ikkje treng styrker på bakken, og heller ikkje vil bruke dyre bemanna helikopter eller fly. USA har dei seinare åra vore gjentatte gonger i media for å ha brukt droner til å likvidere enkeltpersonar eller grupper i Pakistan, Jemen, Afghanistan og anna plassar.

I kjølvatnet av dette har det kome krav frå fleire hald om å forby dronar, på same måte som vi har eit forbod mot personellminer, klasebomber, kjemiske og biologiske våpen, og så vidare.

Eg trur at eit forbod ikkje er rette vegen å gå. I staden må vi bruke energien på å få USA til å ratifisere den internasjonale straffedomstolen og følgje folkeretten.

Det er ingen grunn til å tru at USA eller anna land som bruker dronar vil gå med på eit totalforbod mot dronar, eller eit forbod mot å bruke dronar i krig. Anders Thorheim i Raude Krossen, seier det godt her: – I Røde Kors ser vi på droner som på alle andre typer våpen. Så lenge de styres av mennesker ser vi i prinsippet ikke noe skille mellom et krigsfly og en angrepsdrone. Bruk av droner, som alle andre våpen, må gjøres i henhold til eksisterende regler.

No er det sjølvsagt ikkje det at USA ikkje kjem til å følgje eller ratifisere eit eventuelt forbod som er den viktigaste grunnen til å ikkje innføre det. Men eg trur at det er viktig at reglar i krig 1) har ein relativt god sjanse til å bli etterlevd, og 2) ikkje er retta inn mot typen teknologi som er nytta, men handlinga som teknologien blir nytta til. (Miner og klasebomber er mykje mindre problematisk å forby, for dei har uansett ikkje anna hensikt enn å drepe og lemleste; dronar kan jo og bli brukt til sivile føremål.)

Mange av dei amerikanske droneangrepa vil være i strid med folkeretten og menneskerettane allerede i dag, utan eit spesifikt droneforbod. Då må kreftane brukast på å få endra haldningane og handlingane til dronekrigarane, og ikkje på nye forbod som berre gjeld “på papiret”.

16.1.14

Programprosess i wiki-format?

Eg kunne tenkje meg at programprosessen i Tromsø SV vart gjort (også) på wiki-format.

Nettleksikonet Wikipedia skulle være kjent for dei fleste, skulle eg tru. Det har fått både ros og kritikk for måten det er bygd opp - alle i heile verda kan redigere og opprette artiklar i leksikonet. Dette gjer at nødvendige rettingar i artiklar, spesielt i tema som er dagsaktuelle, kan gjerast mykje fortare enn i tradisjonelle leksika. Samstundes kan og artiklar innehalde til dels grove feil, sidan det ikkje treng å være fagfolk som har skrive dei. Wikipedia er ikkje anbefalt som primærkjelde - med god grunn.

Likevel blir som oftast dei store feila fanga opp og retta opp relativt kjapt, og wikipedia har ein diskusjonsfunksjon på kvar artikkel kor faglege ueinigheter og definisjonsspørsmål kan avgjerast, hovudsakeleg basert på konsensus blant dei som er inne på den aktuelle artikkelsida, og forbløffande ofte på ein sakleg og konstruktiv måte. (Unntak finst, spesielt i såkalla kontroversielle tema, som i Israel-Palestina-konflikta, kor definisjonsmakt jo og er ein del av sjølve konflikta - den eines fridomsforkjempar er ein annans terrorist, osv.)

Eg foreslår altså at også programprosessen fram mot kommunevalet i 2015 kan bruke same metoden. Det vil seie at det blir oppretta ein “wiki” kor alle som vil kan gå inn og skrive sine forslag til programmet rett inn i programutkastet. Eg trur dette vil gjere at vi både kan få unike innspel til programmet, og samtidig få hjelp frå uante kreative krefter til å finne gode formuleringar og meiningar.

Sjølve programmet må som før sjølvsagt bli formelt vedteke på eit programmøte eller årsmøte. Det bør nok og kvalitetssikrast noko av eit styre eller ein programkomite. Men mykje av prosessen fram dit trur eg vi kan gjera på wiki-format.

Eg trur det er verdt eit forsøk.