Sider

16.1.14

Programprosess i wiki-format?

Eg kunne tenkje meg at programprosessen i Tromsø SV vart gjort (også) på wiki-format.

Nettleksikonet Wikipedia skulle være kjent for dei fleste, skulle eg tru. Det har fått både ros og kritikk for måten det er bygd opp - alle i heile verda kan redigere og opprette artiklar i leksikonet. Dette gjer at nødvendige rettingar i artiklar, spesielt i tema som er dagsaktuelle, kan gjerast mykje fortare enn i tradisjonelle leksika. Samstundes kan og artiklar innehalde til dels grove feil, sidan det ikkje treng å være fagfolk som har skrive dei. Wikipedia er ikkje anbefalt som primærkjelde - med god grunn.

Likevel blir som oftast dei store feila fanga opp og retta opp relativt kjapt, og wikipedia har ein diskusjonsfunksjon på kvar artikkel kor faglege ueinigheter og definisjonsspørsmål kan avgjerast, hovudsakeleg basert på konsensus blant dei som er inne på den aktuelle artikkelsida, og forbløffande ofte på ein sakleg og konstruktiv måte. (Unntak finst, spesielt i såkalla kontroversielle tema, som i Israel-Palestina-konflikta, kor definisjonsmakt jo og er ein del av sjølve konflikta - den eines fridomsforkjempar er ein annans terrorist, osv.)

Eg foreslår altså at også programprosessen fram mot kommunevalet i 2015 kan bruke same metoden. Det vil seie at det blir oppretta ein “wiki” kor alle som vil kan gå inn og skrive sine forslag til programmet rett inn i programutkastet. Eg trur dette vil gjere at vi både kan få unike innspel til programmet, og samtidig få hjelp frå uante kreative krefter til å finne gode formuleringar og meiningar.

Sjølve programmet må som før sjølvsagt bli formelt vedteke på eit programmøte eller årsmøte. Det bør nok og kvalitetssikrast noko av eit styre eller ein programkomite. Men mykje av prosessen fram dit trur eg vi kan gjera på wiki-format.

Eg trur det er verdt eit forsøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar