Sider

16.5.16

Ubåt

Dei siste dagane har det vore to forskjellige saker om ubåtar i media.

Den eine saka gjelder Tromsø, og at det amerikanske forsvaret har bedt om å få legge til her med ein atomubåt.

Min partikollega, Pål Julius Skogholt, har skrive om at vi i tilfelle må kreve at det ikkje er atomvåpen om bord - og at vi må gjere det for kvar gong. Mens byråd for finans i Tromsø, Raudts Jens Ingvald Olsen, har uttala til Nordlys at han ikkje vil at amerikanske atomubåtar skal legge til her, av frykt for at Tromsø blir eit bombemål.

Begge desse krava er vel eigentleg meir symbolpolitikk enn noko anna. Likevel meiner eg det nokon gonger er rett å drive også symbolpolitikk, kanskje særleg i utanrikspolitiske saker, der det kan få realpolitiske konsekvenser korleis anna lands politikarar ser på Noreg.

I dette tilfellet meiner eg Skogholt har rett i sin symbolpolitikk, og at vi for å understreke Noreg som atomvåpenfri sone må kunne kreve at atomubåtar som eventuelt kjem til Tromsø bekrefter at dei ikkje har atomvapen om bord. Eg trur det er viktigare for amerikanarane at dei får bytta mannskap og forsynt ubåtane sine enn korvidt vi spør om dei har atomvapen for kvar gong, og at dette får liten realpolitisk betydning for forhaldet til USA. Men det vil tydeleggjere Noregs standpunkt i atomvåpenmotstanden.

Fra enkeltes hald har det vore peikt på at Russlands aggresjon mellom anna i Ukraina har ført oss nærare ein "ny kald krig", og at Noreg må vera tøffare i nord for å avskrekke naboen vår i aust. Men då er det også nærliggande å peike på eit omgrepspar frå den "ekte" kalde krigen: "Avskrekking og beroligelse". Eit norsk krav om at atomubåtar som opererer i våre farvatn ikkje har atomvåpen om bord vil vera eit eksempel på symbolpolitikk som kjem i "beroligelse"-kategorien.

Når det gjeld byråd Olsens frykt for at Tromsø skal bli bombemål om amerikanske ubåtar legg til her på fast basis, er eg mindre bekymra. Den dagen Tromsø blir eit bombemål for Russland, har så mykje anna skore seg i vår omgang med naboen i aust. Eg er meir opptatt av at vi ikkje skal trenge å havne der. I følge Forsvaret skal eventuelle anløp av Tromsø komme i staden for anløp som i dag gjerast i Bergen.

Byrådens bekymring kom rett nok også av at han meiner vi ikkje har god nok beredskap i fall ein atomubåt blir utsett for ei ulykke som fører til stråling eller utslepp. Det er eg einig med han i - men det er noko Statens Strålevern bør vurdere i tilfelle, og har ikkje noko med symbolpolitikk å gjera.


Den andre saka handlar om ubåten som kanskje vart observert i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane i påska. Både nettaviser og NRK skreiv om saka etter at nettstaden aldrimer.no la ut ein video med bilete av det dei meiner må vera ei framand makt sin ubåt.

No har ornitologar har vurdert videoen og seier det kan vera sjøfugl som er filma, og ikkje ein ubåt.

Det var sannsynlegvis ikkje ein framand ubåt i Dalsfjorden den 21. mars i år, men likevel kan ikkje Forsvaret, nesten to månader etter observasjonen vart meldt til politiet, seie sikkert at det ikkje var ein framand ubåt der.

Det denne historia viser, er kor uhindra ubåtar kan operere langs kysten vår om dei vil. Dette er ikkje eit forsvarsskrift for meir overvaking av havet for å finne framande ubåtar (sjølv om eg er for å oppretthalde Orion-flya og Andenes flystasjon). Men dette viser kor utmerka ubåtar er som ein del av vårt eige invasjonsforsvar.

Ein enkelt ubåt som opererer usynleg og skjult i dei mange fjordane våre vil alltid vera ein trussel for ein invasjonsstyrke - som alltid vil vera avhengig av å ha kontroll på kystlina. Eg vil gå så langt som å seie at vi treng ubåtar meir enn vi treng kampfly. Vi treng nok nokre av sistnemnte og, men vi kan ikkje havne i den situasjonen at vi avviklar ubåtvåpenet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar