Sider

29.4.16

Epler og pærer - eller trafikk og trafikk og støv og støv

I det siste er det to debattar i Tromsø som har irritert meg ein del. Ikkje fordi det er feil å debattere politiske saker, og ikkje først og framst fordi ein del er ueinig med mitt standpunkt (sjølv om det nok er enklare å irritere seg over).

Nei, grunnen er fordi det særleg i kommentarfelta på Facebook, Nordlys og iTromsø blir argumentert som om to forskjellige ting er akkurat det same, og konkluderes også deretter.

Dei to sakene er Kvaløyforbindelsa, og svevestøvproblematikken.

For å ta det siste først. Mange skriv at det ikkje er svevestøv frå piggdekk som er problemet, det er all strøsanda som blir brukt kvar vinter som er problemet.

Tingen er at det er ikkje det synlege støvet som vi ser virvlar rundt langs vegen som er det store helsemessige problemet. Det er små partiklar som ikkje er synlege, men som kan gjere skade på lungar og andre organ, som er problemet.

Svevestøv er nemlig ikkje berre støv. Det er heilt greitt å vera kritisk til korleis svevestøvproblemet skal løysast, og t.d. meine at det ikkje skal innførast nye avgifter (men eg er ueinig). Det er noko heilt anna å meine at det ikkje eksisterer. Den debatten høyrer heime saman med debatten om Illuminati, Månelandinga, og at romvesen bygde pyramidane.

I den andre debatten, Kvaløyforbindelsa, er det fleire som stiller spørsmål ved at den nye forbindelsa ikkje skal føre til meir trafikk (og at med det perspektivet kunne ein droppa heile brua).  Premisset deira er at så lenge ein skal legge til rette for meir trafikk, kan jo brua (eller tunnelen) gå via Håkøya like godt som til Selnes. Sist ut med ei slik samanlikning er gruppeleiar for Høgre, Erlend Svardal Bøe, i Nordlys.

Dette er å blande saman auke i personbiltrafikk med auke i persontrafikk. Det høyrest nesten ut som same ordet, men har vesentleg forskjellig meining. 

Med auke i befolkninga er det ikkje til å kome utanom at det blir auka behov for å frakte folk til og frå Kvaløya. Derfor trengs det ei ny bru (eller tunnel), uansett om ho går via Håkøya eller ikkje. Men i eit bymiljø- og klimaperspektiv er det viktig at denne auka trafikken ikkje kjem med personbil, men med kollektivtrafikk, gange og sykkel. Dette er også regjeringa med Høgre og Frp einig i.

Dette betyr i prinsippet at for kvar familie som busett seg på Kvaløya, og som køyrer bil ein gong om dag til og frå Tromsøya, må nokon annan redusere sin bilbruk med like mykje. Så lenge bussen står i same køa, vil ikkje kollektivtrafikken kunne konkurrere, derfor vil ei ny forbindelse kunne bidra til å gjere buss meir attraktiv, slik at målet om nullvekst i personbiltrafikk kan realiserast.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar