Sider

24.4.16

Overfør alt frå Staten til regionane - unntatt Forsvaret og Politiet.

Regionreforma som kjem haltande etter kommunereforma, legg opp til større regionar i staden for dagens fylker. Men det er mykje snakk om kor grensa skal gå mellom regionane, og nesten ingen prat om kva innhaldet i eit regionalt forvaltningsnivå skal vera. For meg er det heilt feil ende å starte diskusjonen i. Vi må sjå på innhaldet først, så kan vi sjå på geografien etterpå.

Eg trur så mykje som mogleg kan flyttast frå Oslo og Staten og over i regionane. Då kan regionreforma bli ei skikkeleg demokratireform også. Sjukehus og helse, arbeidsmarknadstiltak, universitet og høgskolar, veg, og så vidare. Overskrifta er ikkje heilt rett, for sjølvsagt må ein del nasjonale forvaltnings- og tilsynsetatar framleis vera staten sitt ansvar, men mykje meir enn i dag kan vera lokalt og regionalt forankra.


I tillegg må regionane få lov til å skrive ut regionale avgifter og kanskje også gjere justeringar på delar av skattesystemet. I eit reelt demokratisk regionnivå må dei folkevalde kunne påvirke også inntektssida i eit regionbudsjett, ikkje berre utgiftssida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar