Sider

18.5.16

Olje i Barentshavet og Jus i Politikk

I dag vart det kjent at Olje- og energidepartementet delar ut konsesjonar til å leite etter olje i Barentshavet. Olje- og energiminister Tord Lien frå Frp var i Hammerfest for å dela det som etter hans meining heilt sikkert er "det glade bodskapet".

Eg er ueinig - både i at det er godt nytt med leiting, og også at det er nødvendig for vekst i Nord-Noreg med oljeutvinning på iskanten. Men det er ikkje det dette innlegget skal handle om.

For i forkant av tildelingane varsla både Greenpeace og Natur og Ungdom at dei vurderte å gå til søksmål mot Staten om det vart gitt konsesjonar i Barentshavet. Dei meiner det kan vera i strid med Grunnlova, nærmare bestemt paragraf 112 som i første ledd seier:
Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.
Det kan godt hende ei rettsak vil kome fram til at Staten (v/regjeringa) bryt Grunnlova i denne saka. Eg er på langt nær god nok i jus til å vurdere korvidt ei sak vil føre fram. Men det kan jo også hende at saka ikkje vil føre fram.

Eg meiner at denne og liknande saker er - og bør vera - politikk, og ikkje jus. For i den augeblinken Høgsterett har sagt kor streken skal gå, er han streka opp. Basta bom. På godt og ondt. Det flyttar fokus vekk frå politisk argumentasjon og over på juridiske tolkingar. Eg vil heller ha ein politisk diskusjon som flyttar folkemeininga etter som fakta og argument blir lagt fram (og ny kunnskap og nye haldningar blir utvikla).

Jus er for dei få, ekspertane (juristane), mens politikk er for folket.

Det kan hende vi som er motstandarar av oljeboring i Barentshavet vinn denne saka - men det blir i så fall på kort sikt. For eg trur vi tapar i det lange løp med at det blir mindre viktig å diskutere med kvarandre og argumentere for standpunkta vi har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar