Sider

16.2.16

Sivil ulydnad

Er det greitt at eit politisk parti støtter kriminalitet? Kor går grensa for kva slags sivil ulydnad som er OK - og kva er ikkje OK?

I helga vedtok eit einstemmig fylkesårsmøte i Troms SV å støtte Natur og Ungdom sine aksjonar ved Førdefjorden med fire tusen kroner. Pengane går sannsynlegvis først og framst til å dekke bøter som aksjonistane har fått for å stoppe prøveboringa til Nordic Mining, som har fått lov å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Dette er på mange måtar våre dagars Alta-aksjon. Miljøkonsekvensane i Førdefjorden - og seinare kan hende i Repparfjorden i Finnmark - er enorme - og ikkje minst uopprettelege.

Det er ikkje uproblematisk å skulle vurdere kor grensa for kva som er legitim sivil ulydnad er. Vedtaket Troms SV gjorde tar berre stilling til akkurat denne konkrete aksjonen i Sogn og Fjordane.

Men kva kan vera eit slags prinsipielt standpunkt i kva som må til for å akseptere sivil ulydnad - og eventuelt kva som kan gjere at det ikkje kan forsvarast?

Mitt forsøk på å tenke seg ei liste over prinsipielle kriteriar ser slik ut:


  • Proporsjonalitet - jo større inngrep som ein forsøker å stoppe, jo større sannsynlegheit at sivil ulydnad kan vera akseptabelt, særleg om inngrepet fører til skade på liv, helse eller miljø.
  • Lovlege motstandsmiddel og demonstrasjonar må vera prøvd først (om det har vore mogleg - om ei regjering eller liknande gjer eit plutseleg vedtak, kan det jo hende dette ikkje har gått an). Det vil seie høyringssvar, brev til politikarar, fakkeltog og demonstrasjonar eller liknande.
  • Ikke-vald og ikkje-hærverk - Sjølv om aksjonar kan føre til økonomiske konsekvensar for eventuelle utbyggarar som ikkje får gjort jobben sin, er det likevel ein vesensforskjell på om aksjonane får direkte negative konsekvensar for liv, helse, eller annan manns eigedom.
  • Uopprettelege konsekvensar - aksjonane har til hensikt å stoppe noko som ikkje kan rettast opp.

Kva trur du?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar