Dette er sendt som lesarinnlegg til avisene i Troms, men har ikkje komme på trykk etter det eg veit.
Verda
opplever no den største flyktningekatastrofen sidan andre
verdskrigen. Frasa har vore gjentatt fleire gonger dei siste
månadane, men kva det eigentleg betyr har ikkje sokke inn hos folk
før no. Samtidig søkk overfylte holker med flyktningar i
Middelhavet. Drukna bornelik vaskar opp på land i Hellas og Tyrkia.
Uskyldige ansikt som for alltid vil vera tyste, skrik stumt etter
hjelp, etter tryggleik og omsorg.
Det
er for seint å hjelpe dei som har drukna. Men vi kan hjelpe dei som
enno flyt. Vi MÅ hjelpe dei som enno held seg flytande. Vi har eit
felles ansvar for våre medmenneske. Eg og du. Vi har ikkje LOV å
ignorere dei.
Stortinget
vedtok før sommaren å ta i mot 8000 syriske flyktningar dei neste
tre åra. Det var eigentleg fleirtal for 10 000 over to år. Det er
og for lite. Vi må ta ansvar så det monnar.
Det
vil ikkje vera lett å ta i mot tusentals flyktningar til Noreg. Men
det er ikkje enkelt for dei som tar i mot enno fleire kvar månad på
dei greske øyene heller. Likevel gjer dei det. Fordi det er deira
fordømte plikt. Vi skal ikkje gjere det fordi det er enkelt. Vi gjer
det fordi det er rett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar