Sider

4.9.15

Lykkejeger eller medmenneske?

Dette er sendt som lesarinnlegg til avisene i Troms, men har ikkje komme på trykk etter det eg veit.

Verda opplever no den største flyktningekatastrofen sidan andre verdskrigen. Frasa har vore gjentatt fleire gonger dei siste månadane, men kva det eigentleg betyr har ikkje sokke inn hos folk før no. Samtidig søkk overfylte holker med flyktningar i Middelhavet. Drukna bornelik vaskar opp på land i Hellas og Tyrkia. Uskyldige ansikt som for alltid vil vera tyste, skrik stumt etter hjelp, etter tryggleik og omsorg.
Det er for seint å hjelpe dei som har drukna. Men vi kan hjelpe dei som enno flyt. Vi MÅ hjelpe dei som enno held seg flytande. Vi har eit felles ansvar for våre medmenneske. Eg og du. Vi har ikkje LOV å ignorere dei.
Stortinget vedtok før sommaren å ta i mot 8000 syriske flyktningar dei neste tre åra. Det var eigentleg fleirtal for 10 000 over to år. Det er og for lite. Vi må ta ansvar så det monnar.
Det vil ikkje vera lett å ta i mot tusentals flyktningar til Noreg. Men det er ikkje enkelt for dei som tar i mot enno fleire kvar månad på dei greske øyene heller. Likevel gjer dei det. Fordi det er deira fordømte plikt. Vi skal ikkje gjere det fordi det er enkelt. Vi gjer det fordi det er rett.



13.3.15

Bekvemmeligheitsflagg

Eit farty seglar under bekvemmeligheitsflagg når det er registrert i eit anna land enn der det høyrer heime berre for at reiarlaget skal spare pengar på skatt, avgift og lønn.

Endringane i arbeidsmiljølova gjer det mogleg å segle under bekvemmelighetsflagg også for arbeidsgjevarar på land. Eg arbeider i ei personalavdeling, og av og til må vi dessverre seie opp folk - av heilt legitime grunnar. Til dømes kan vi måtte nedbemanne ei avdeling eller liknande fordi det ikkje er arbeid til alle. Ei sjeldan gong må arbeidsgjevarar seie opp folk fordi dei ikkje gjer jobben sin, eller bryt eit regelverk dei er forplikta til å følgje.

Det er aldri artig å seie opp folk. Ein kollega av meg sa i dag at den dagen du seier opp folk og ikkje kjenner det stikk litt, burde du antakeleg slutte å arbeide med folk.

Denne kjensla av at det "stikk" litt når ein er nødt til å gjere det vanskelege valget å seie opp nokon, vil no mange arbeidsgjevarar slippe unna. Dei kan segla under bekvemmeligheitsflagg. Det er mykje meir bekvemt å ikkje forlenge ein kontrakt med nokon enn det er å måtte seie dei opp, uansett kor legitim grunnen er. Faktisk treng jo ikkje grunnen vera legitim heller, om dei ikkje er fast tilsett. Det er ikkje nødvendig å grunngje korfor du ikkje forlengar ein kontrakt. Då er det mykje meir ubekvemt å måtte følge alle dei reglane om korleis ei oppseiing skal vera om ho skal gjerast rett.

Regjeringa har gjort det meir bekvemt å vera arbeidsgjevar - og meir utrygt å vera arbeidstakar.

Mon om ikkje bekvemmeligheitsflagget er til forveksling likt piratflagget?

23.11.14

Streik i fagrørsla

Etter forhandlingar og mekling var ein historisk streik faktum for halvanna veke sidan.

LO-tilsette går ut i streik. Motparten er arbeidsgjevarorganisasjonen AAF, kor LO, LO-forbunda, og partia Ap, SV og Raudt er dei største medlemma. Venstresida og fagrørsla er arbeidsgjevar av di dei må, ikkje fordi dei er knallharde kapitalistar. Eller...?

Dei streikande er medlemmar i LO-forbundet Handel og Kontor (HK). Ikkje alle som er tilsett i LO og forbunda er det. Nokon er uorganiser, og nokon har medlemsskapet sitt i det forbundet dei er tilsett. Månge blir tilsett i eit forbund etter å ha vore tillitsvald i nettopp det forbundet - og då er det kanskje naturleg å halde fram med å vera medlem der.

Månge av dei streikande er såkalla merkantilt tilsette. Det vil seie kontortilsette som har oppgåver som sekretær, i sentralbord eller i resepsjon. Desse er gjerne ikkje dei høgast lønte. Ei av grunnene til at det vart streik, er at ikkje alle leverer ut lønnsinformasjon til anna enn dei organiserte i HK. Statistikk som HK har laga mellom anna på grunnlag av informasjon frå SSB viser at nokon - men antakeleg ikkje HK-medlemma - stikk av med meir av kaka enn dei kanskje skulle hatt. Det første kravet er derfor ein statistikk som viser lønna til alle som er omfatta av tariffavtala. Dette gjer det mogleg å forhandla på grunnlag av dei reelle forskjellane, og kanskje rette opp noko av det.

Den andre grunnen til streiken er reint økonomisk. HK og streikegeneral Bjørn Mietinen veit, som nemnt over, at nokon har rykka i frå lønnsmessig. Det betyr at det trengs eit løft for HK sine medlemmar for å starte på å ta igjen det gapet.

Eit godt nok tilbod har ikkje HK fått enno, så streiken held fram.



18.2.14

Design Forum

Design Forum er ein butikk eg antakeleg ikkje hadde kjent til om det ikkje hadde vore for at dei no er i streik.

14 medlemmar i Handel og Kontor har lagt ned arbeidet med krav om tariffavtale på dei sju butikkane dei er tilsett. Dei er no inne i si fjerde veke i streik.

Eigaren av Design Forum har sagt at han ikkje kjem til å skrive under på nokon tariffavtale. Han grunngjev det med at "De har lønn over tariffen, og så skal de ha en hel del andre fordeler oppå", som han seier til avisa Klassekampen.


"De har lønn over tariffen, og så skal de ha en hel del andre fordeler oppå"
For det ikkje lønn dei streikar for i Design Forum. Eigaren har heilt rett i at dei har lønn over tariff. Men dei vil ha rett til å påverke. Dei vil ha rett til drøftingar og forhandlingar. Dei vil ha rett til ein kvardag utan vilkårlege avgjerder frå bedriftsleiinga. Lønn heng nemleg saman med arbeidstid og arbeidsvilkår.

Det er kjerna i ein tariffavtale. Ei erkjenning av at det må to partar til for å drive ei bedrift. Arbeidsgjevar og arbeidstakarar.

Og dei sistnemnte er sterkast.

3.2.14

Overvaking

Det held ikkje at du ikkje har gjort noko gale, at du “ikkje har noko å skjule”. Det er framleis ikkje rett å la etterretningsorganisasjonar overvake privatpersonar utan mistanke.

Det er nemlig ingen som kan seie kva som er det neste “søkjeordet” som avgjer kven som er ein terrorist eller forbrytar.

I debattane som har kome i kjølvatnet av dei seinare åra sine avløringar frå Wikileaks og Edward Snowden, kan ein ofte høyre mantraet “det gjer ikkje noko om dei overvaker meg, eg har ingenting å skjule”.

Det kan høyrest tilforlateleg ut, og vitnar på ein måte om eit godt tillitsforhald til politi og ordensmakt. Tillit til politi er viktig for samfunnet. Men i akkurat saker om overvaking, er det eit viktig prinsipp i eit demokrati at ein ikkje skal bli utsett for overvaking utan at det er grunn til å tru at noko kriminelt har skjedd (eller held på å skje).

Men den store støvsuginga av informasjon som NSA, GCHQ og andre held på med no, gjer at det som ikkje er ulovleg i dag, men blir ulovleg i morgon, kan få deg arrestert i overmorgon for noko du gjorde forigårs.

Ingen kan vite sikkert kven som styrer landet og verda i morgon, og kva for ord dei ser på som “farlege”.

Sjå for deg ei maktovertaking i eit demokratisk land - at ein diktator eller ein junta tek over makta. Ikkje heilt enkelt, kanskje, men det er utruleg kor mange liknande hendingar som ingen har forutsett berre månader før dei hendte - t.d. at Berlinmuren fall, eller at Sovjet vart oppløyst.
Sjå vidare for deg at dette landet har samarbeida med amerikanarane, og at dei no sitt på nokre delar av dei enorme informasjonsmengdene som har vorte samla inn. Er det ikkje då truleg at diktatoren vil bruke den informasjonen til å slå ned på opposisjonen i landet?

Kva om Gestapo på 1940-talet hadde ein slik kapasitet - og du tilfeldigvis hadde skrive ei diktsamling om binders og raude toppluer på 30-talet - men som aldri vart sendt til noko forlag, men berre til eit par vener? Ville det vore nok til at du vart arrestert? Ja, om norske styresmakter hadde overvaka posten til heile befolkninga på 30-talet.

Overvakinga i dag gjer at slik informasjon blir lagra, og om han ikkje er verdt noko i dag, kan han ha ei heilt anna betydning om nokre år.

Nettopp derfor er det i dei demokratiske landa vi må hindre slik overvaking, for å hjelpe framtidas demokratiske opposisjon. Ingen veit kven eller kor han er.

22.1.14

Rotmo

Hans Rotmo har komme med ei ny plate, og som sist er det ei innvandringskritisk låt som får oppmerksamheit.

Berre for å gjere det heilt klårt med ein gong: Det er ikkje greitt å samanlikne grupper av folk med skadedyr. Det er rasistisk. Punktum.

Det som derimot bør være greitt, er å være bekymra for enkelte problem som oppstår - ikkje på grunn av innvandrarane, men på grunn av innvandringa. Det er ein forskjell. Men dessverre ikkje ein forskjell som kjem veldig til syne i kommentarfelta rundt om i nettavisene. Ei heller hos Rotmo.

Eg er for eksempel bekymra for auka sosial dumping her til lands. Arbeidsinnvandrarar får arbeid til mykje lågare lønn enn tariff, og useriøse arbeidsgjevarar konkurrerer ut dei seriøse på pris. Til slutt gjer det at arbeidstakarar i Noreg får mindre i lønningsposen.

Men er det den enkelte innvandrar sin feil? Eg kan jo ikkje skulde på ein innvandrar for at han tar den einaste jobben han får? Særleg sidan mange norske arbeidsgjevarar diskriminerer på bakgrunn av arbeidssøkjarens namn. Ansvaret ligg her hos dei useriøse arbeidsgjevarane, og hos styresmaktene som ikkje har gode nok reglar som hindrar sosial dumping. Det gjeld og kommunar og statlege etatar som ikkje krev ordna forhold hos leverandørar.

Eg synest også ein del religiøse skikkar er merkelege, men det gjer dei jo ikkje nødvendigvis til eit problem for nokon annan enn meg sjølv. Eg synest jo også ein del skikkar i den norske kyrka er merkelege, utan at eg fortviler over det.

Innvandrarane er overrepresentert på kriminalitetsstatistikken, heiter det. Det stemmer, men dei er jo og overrepresentert på eit par anna statistikkar - lågare gjennomsnittsinntekt for hushaldninga ( = meir fattigdom), meir psykisk sjukdom enn i befolkninga eller, lågare arbeidsdeltaking enn i befolkninga elles.
Eg skal ikkje spekulere i korleis det heilt heng saman, det må fagfolka finne ut av. Men eg veit at korrelasjon er ikkje det same som kausalitet. At ein person er innvandrar gjer han ikkje automatisk til korkje fattig eller kriminell.

Kanskje er det fattigdomstiltak eller satsing på psykisk helse som er mest viktig?

Det som er heilt sikkert, er at det ikkje hjelper å karakterisere andre menneske som skadedyr. Det er slemt. Og teit.

20.1.14

Lenker på ein måndag

Eit knippe lenker eg har funne interessante i det siste:



Og om du skulle ha ramla innom denne bloggen, men ikkje enno følgjer Pål Julius Skogholt sin blogg Eit stykkje av verda, bør du jo sporenstreks starte med det. Du kan jo varme opp med denne videobloggen hans om dei pågåande forhandlingane om ei transatlantisk handelsavtale mellom USA og EU: